Referanser

RO har i snart 30 år hatt oppdrag i 80 prosent av landets kommuner. Oppdragene kan være store og små, det kan handle om støtte til prosjekter, utvikling av tjenester, effektivisering av organisasjonen, kurs i saksbehandling eller BPA, og andre utfordringer i den kommunale hverdagen. Her har vi tatt fram noen eksempler som viser spennvidden og som sier noe om hvordan vi løser forskjellige typer av oppdrag. Vår erfaring er at kommunene, selv om de er forskjellige, opplever mye av de samme utfordringene og at oppdrag i en kommune derfor kan inspirere andre kommuner til å gjennomføre liknende prosjekter. Vi setter gjerne sammen et oppdrag som likner på et vi har gjennomført dersom en oppdragsgiver skulle ønske det. Utgangspunktet kan gjerne være et av referanseoppdragene vi beskriver her.

Referanse fra oppdrag i Fjaler kommune

Fjaler kommune, tenesteleiar bistand og omsorg, Kjersti Valvik

Fjaler kommune, tenesteleiar bistand og omsorg, Kjersti Valvik, «I mars 2016 beslutta kommunestyret i Fjaler kommune å endre organisasjonsstruktur frå ein 2-nivåmodell til ein 3-nivåmodell. Det vil seie at eit kommunalsjefnivå vart innført under rådmannen. Innan helse og omsorg er det store utfordringar i framtida, og i Fjaler er det behov for ei ny organisering innan desse tenestene. Fjaler kommune valde å nytte RO (ressurssenter for omstilling i kommunene), for bistand i høve strategi og målsetting i omorganiseringsprosessen. Oppdraget starta i august 2018, og RO har vore i Fjaler fire gonger så langt. Det har vore befaring i alle einingar som vert berørt av omorganiseringa for å sjå på lokaler og fysiske arbeidsforhold. Det vart og gjennomført samtaler med leiarane. Neste fase var intervjuar med 36 tilsette, politikarar, leiarar, tillitsvalde/hovudverneombod og prosjektleiar for helse- og omsorgsstrategien. Det er totalt 219 tilsette innanfor helse/omsorg, og det vart arrangert to personalmøter der til saman 100 tilsette møtte. Alle tilsette har fått mogelegheit til å stille spørsmål i desse møta. To prosessdagar vart gjennomført. Ei representativ gruppe av tilsette og leiarar jobba med case der det var fokus på tverrfagleg samarbeid. Ein fekk såleis belyst kva kommunen er gode på, og kva som kan gjerast betre. Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært positive. Dette var ein konstruktiv måte å jobbe på, og det kom fram mange gode løysingar. Det er gjennomført tre møter mellom RO og prosjektgruppa og det har vore lagt ned mykje arbeid i ein kommunikasjonsplan for at informasjonen skal vere tilgjengeleg. I januar i år la RO fram forslag til nytt organisasjonskart for helse og omsorg i Fjaler kommune. Alle leiarar og tilsette hadde høve til å delta på informasjonsmøte når organisasjonskartet vart vist fram. Så langt har omorganiseringsprosessen vore ryddig og prega av openheit. Det har vore lagt stor vekt på deltaking og informasjon på kvart trinn i arbeidet. Fjaler kommune er svært nøgd med arbeidet RO har gjort så langt. Vi har fått god rettleiing gjennom dei ulike fasane, og målbevisst struktur har heile vegen ført til god framdrift i prosessen.»

Tilbake